Navn: Ingrid Madsen

Alder: 29 år

Jobb/Studie: Landskapsingeniør i ABO Plan og Arkitektur

Hvordan er din arbeidshverdag?
Den foregår i hovedsak føre pcen med detaljprosjektering av div. prosjekt. Akkurat no heldt eg bl.a. på med ei endring av kryssløysing i Bergen sentrum, oppfølging av utomhusplan og etterkvart arbeider i forbindelse med eit tilbygg på ein skule, samt i oppstartsfasen til lekeområder med tilkomstvei til ein barnehage i Bergen.

Sjølv om dagen går føre seg i hovudtrekk ved pulten, kjennast den godt variert likevel. Det er så mange ulike moment som skal inn i ei prosjekteringsfase, med samarbeid på tvers av fag, tvers av kontor og samarbeid innad på kontoret. Eg trivst veldig godt her på ABO, der det både er ein planavdeling og ein arkitektavdeling. På vår lille landskapsavdeling er me berre meg og Ragni Helweg som er landskapsarkitekt, og me har mykje å henge fingrane i. Ragni jobbar tett med planavdelingen, medan eg har meir med arkitektavedlinga å gjere.

Hvilke muligheter har landskapsingeniør-stuidet gitt deg?
Mange! Og dei fleste set utrulig stor pris på at me har kjennskap til mange ulike ting. Me kan litt om det meste som skal skje ute, enten om det er konkret tekniske avklaringar, byggesak eller forvalting. Me er ikkje så mange Linger her på Vestlandet, og det har gjort det greit å få jobb. Og eg har vore innom litt ulike stader allerede; første året etter studieslutt var eg med på rekrutteringsprogrammet til Vegvesenet. Det var ein fin mulighet til å bli kjent med vegvesenet. Sidan eg tok fagbrev som anleggsgartner før Ling-studiet, kjente eg på året i vegvesenet at eg ville vere med å bygge gode og funskjonelle uterom, og at vei ikkje var noko for meg. Så då hoppa eg over til prosjekteringsverdenen. Her stortrivst eg!

Er det noen fag på NMBU du har hatt spesielt stor nytte av i arbeidslivet?
Selvfølgelig dei prosjektfaga som bere var tilpassa Ling, har vore nyttige. Men eg trur egentlig at eg har fått bruk for alle faga. «Ryggsekken» som NMBU gav meg har vore veldig god!

Intervju med en LING: Ingrid Madsen
Share
Stikkord:                                         

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *